– Studiet har fokus på guiding frå hav til fjell, på nye teoriområde innanfor reiseliv, og gjesten sitt perspektiv. I studiet lærer ein om guiding både i sommarhalvåret og i vinterhalvåret i ulike naturtypar, skriv Høgskulen i Volda i ei pressemelding.

– Studentane får lære guidearbeid i norsk fjordlandskap, med spesiell vinkling på lokalgeografi, lokalhistorie og lokale naturbrukstradisjonar. Studiet har også vekt på reiseliv, opplevingspsykologi og forståing for at vi arbeider med menneske som står i relasjon til andre menneske, tryggleiksmessig og sosialt.

Naturbasert reiseliv er i sterk vekst, og reiselivsnæringa ønskjer difor å kvalitetssikre guidetenester.

– Fleire og fleire er villig til å betale for kvalitetstid i naturen, og det skaper ein marknad for guideutdanning og guidetenester. Målsettinga med studiet er å kvalifisere studentar for arbeid som naturguide gjennom Norsk Naturguideforbund sin bransjestandard for naturguide (NNG), skriv høgskulen.

Det nye årsstudiet kjem i tillegg til Høgskulen i Volda sitt eksisterande tilbod: Bachelor- og årsstudium i friluftsliv, tindevegleiarutdanning, og bachelor- og årsstudium i idrett.

– Naturguideutdanning kan vere ein del av ei bachelorgrad i friluftsliv, men kan også vere ei sjølvstendig, avsluttande studium.

Studiet har oppstart i august, og søknadsfrist 15. april.