Helse- og omsorgsdepartementet har bestemt at talet på tilsettrepresentantar i Helse Møre og Romsdal skal reduserast frå fire til tre i neste periode, melder smp.no. Fagforeiningane i Helse Møre og Romsdal er samde om at representasjonen frå dei fire sjukehusa skal gå på rundgang.

Charles Austnes i sjukepleiarforbundet stadfestar til smp.no at ortopeden Harald Topphol ved Volda sjukehus er på veg ut av styret.

Tidens Krav melder at desse tre bilr tilsettrepresentantar i neste periode: Charles Austnes frå Ålesund, Jan Arve Antonsen frå Molde og Kirsti Sevaldsen frå Kristiansund.

Første vara blir Anette Lekve frå Volda sjukehus.

Dette blir offentleggjort 1. mars.

NB: I ein tidlegare versjon av denne saka, stod det at Petter Bjørdal gir seg som nestleiar i styret i Helse Møre og Romsdal. Dette stemmer ikkje. Petter Bjørdal gir seg i Ørsta kommunestyre og Møre og Romsdal fylkesting ved slutten av denne perioden, men har ikkje opplyst noko om vervet i Helse Møre og Romsdal. Møre-Nytt ber om orsaking for feilen.