– Regjeringa jobbar med sentralisering og reformer på svært mange område: Politi, høgare utdanning, kommunereform og sjukehus. Det kjem til å bli mykje debatt om desse forslaga etter kvart som dei blir lagde fram denne våren, seier stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal.

Han er tilbake på Løvebakken etter juleferie heime i Ørsta, og klar for sin andre vårsesjon på Stortinget.

– NHO startar i feil ende

– Eg og Arbeidarpartiet er ikkje usamd i at det er behov for reformer på ein del av desse områda. Eg ser at det til dømes er behov for ein reform av kommunane, særleg rundt dei store byane. Men tidlegare denne veka la NHO fram eit forslag der dei teiknar kartet først og tek alt det andre etterpå. Det er å starte i feil ende. Eg trur ikkje det er eit godt forslag å gjere Sunnmøre til éin kommune, slik NHO føreslår.

Nynorskskule?

Når det gjeld høgskulesamanslåing, slit han meir med å finne gode grunnar til reform i Møre og Romsdal.

– Om nokon spør meg om eg har eit verkeleg godt argument for å slå saman Høgskulen i Volda med andre skular, så har eg ikkje det. Viss ein først må slå seg saman, slik regjeringa vil, ser eg at tanken om ein felles høgskule i Møre og Romsdal kan vere god. Men dette byr på utfordringar, til dømes har skulane eit forskjellig fagtilbod.

– Eg synest for så vidt tanken om ein skikkeleg nynorskskule kan vere like god, altså at Høgskulen i Volda og Høgskulen i Sogn og Fjordane slår seg saman. Det vil vere eit skikkeleg kraftsenter for nynorsken, og desse to skulane har også ei likare fagsamansetjing i utgangspunktet, seier Bjørdal.

– Kva rolle skal du spele i desse reformene, for å påverke den eine eller andre retninga?

– Eg sit i opposisjon, og per i dag køyrer Regjeringa desse løpa sjølve. Men eg trur dei er kloke om dei freistar å få til eit breitt forlik i kommunereforma. Då vil eg og Ap kunne spele ei større rolle. Det er ikkje smart å gjennomføre slike store reformer utan å ha Arbeidarpartiet med på laget, i og med at vi skal vinne valet i 2017 og ta over makta att.

Arbeidsmiljølov

Sjølv sit Bjørdal i Arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget. Her er det også store saker å jobbe med framover våren.

– Vi fekk levert to store lefser frå Regjeringa no før jul – forslaget deira til endringar i Arbeidsmiljølova. Forslaga deira er dramatiske, og reaksjonane har vore sterke. Fagforeiningane er rasande, og 28. januar får vi den første generalstreiken i Noreg på mange år.

– Kva er det som er så gale med forslaget?

– Særleg den generelle opninga for mellombelse tilsetjingar. Det er rein Høgre-ideologi som vil gjere arbeidslivet vanskelegare for lønstakar. Det er ingen forsking som viser at dette har ein positiv effekt, seier Bjørdal.

Han trekkjer også fram landbruksoppgjeret, og Regjeringa sitt forslag om å redusere den statlege eigarskapen i fleire selskap, som viktige saker.

– Kor mykje bråk det blir om landbruksoppgjeret denne gongen, er heilt avhengig av forslaget til Sylvi Listhaug.

Valkamp

Frå sommaren av satsar Fredric Holen Bjørdal for fullt i kommunevalkampen.

– Der skal eg gjere ein skikkeleg innsats for at Ap skal kapre fleire ordførarstolar. Eg har sjølvsagt stor tru på Jostein O. Mo som Ap-ordførarkandidat i Ørsta. I tillegg trur eg det er gode moglegheiter for Eva Vinje Aurdal i Ålesund, seier Bjørdal.