– For tre år si­dan var det to av mann­ska­pet ved sta­sjo­nen i sent­rum som had­de grunn­kurs. No er det ber­re to som mang­lar det, sei­er brann­sjef Ei­nar Ytre-Hau­ge i Ør­sta brann og red­ning.

Det er i første rek­kje brann­mann­ska­pet i sent­rum som har vore gjen­nom kurs og opp­læ­ring i den­ne pe­ri­o­den, men mann­ska­pa på Sæbø og Vartdal står no for tur.

– Vi har hatt opp­tre­ning på røyk­dyk­ka­rar på Sæbø og Vart­dal. Man­ge har vore gjen­nom grunn­kurs, kurs i ut­ryk­kings­køy­ring, lei­ar­kurs for ut­ryk­kings­lei­a­rar, be­fal og spe­si­al­kurs i kjemikaledykking. Ør­sta er eit mel­lom­de­pot om det skul­le skje ei akutt for­u­rei­ning, og det for­plik­tar oss til å ha kva­li­fi­sert mann­skap. Vi har no seks i mann­ska­pet om det skul­le skje eit kjemikalsk ut­slepp, og opp­gå­va då er å red­de liv og sten­ge ut­slep­pet. I si­tua­sjo­nar kan vi ver­te brukt på Søre Sunn­mø­re, sei­er brann­sje­fen.

Krav og eige yns­kje

Det er både stren­ga­re krav grunn­ut­dan­ning, leiar ut­dan­ning og ser­ti­fi­kat i til­legg eiga lyst til eit bet­re kva­li­fi­sert brann­korps som har ført til at kurs og opp­læ­ring har vor­te ein pri­o­ri­tet.

– No har alle be­fal god­kjent ut­dan­ning. Av eit mann­skap på fem­ten er det tret­ten som har teke el­ler som i ferd med å full­fø­re grunn­ut­dan­nin­ga.

I til­legg har Ør­sta brann og red­ning ein om­fat­tan­de øv­ings­plan kvart ei­nas­te år. Den sis­te må­na­den har brann­mann­ska­pet vore med flyplassøving og har hatt øv­ing med in­du­stri­ver­net på VikØrsta.

– Vi prø­var å legg­je opp øv­in­ga­ne så re­a­lis­tisk som mu­leg, og det er eit vidt spek­ter frå hjar­te­star­ta­rar til brann og tra­fikk­ulyk­ker.

To kvin­ner i mann­ska­pet

Gjen­nom dei sis­te åra har det og vor­te flei­re kvin­ner i brann­ver­net i Ør­sta. Siri-Ann Aur­stad har vore til­sett i sju år, og Liv Strand har vore til­sett i to år.

– Det er ik­kje så man­ge kvin­ner i brann­mann­ska­pa i No­reg, men det har vor­te flei­re. Vi har ber­re po­si­ti­ve er­fa­rin­gar med det. Vi skal og speg­le att sam­fun­net, og då treng vi også mang­fald. Kvin­ner i korp­set er ein po­si­tiv mil­jø­fak­tor. Dei får ik­kje sær­skild be­hand­ling, og del­tek og ut­fø­rer den same job­ben men­ne­ne, og må be­stå dei same tes­ta­ne.

Brann­sje­fen er nøgd med ut­vik­lin­ga som Ør­sta brann og red­ning har hatt dei sis­te åra.

– Vi er eit godt lag, og det vi­ser og re­sul­ta­ta på ak­sjo­na­ne. Vi tak­lar det på ein god måte, og tek sta­dig nye steg. Det stop­par ik­kje der, og vi skal fram­leis ha trykk på vi­da­re­ut­vik­ling då det hei­le tida duk­kar opp nye ut­ford­rin­gar.