Under artistnamnet Ole Ose platedebuterer han no med CD-en «In my heart». Der finn ein 10 låtar som 43-åringen har skrive tekst og melodi til. Dei engelske tekstene handlar mykje om kjensler, og sorg og glede, tru, håp og kjærleik.

Ose, som er ihuga Bruce Springsteen-fan, og som har vore på heile 72 Springsteen-konsertar, har skrive tekster og songar i mange år heime i stova, berre som ein kjekk hobby. Ein dag for vel eitt år sidan besøkte han kompisen og artisten Stig Ulv og hadde med seg ein heimesnikra CD med dei sjølvlaga låtane. Stig tende umiddelbart positivt på det han høyrde, og meinte at Ole Jørgen definitivt måtte spele inn stoffet sitt.

Ein annan av Ose sine kompisar, superprodusent Svein Erik Åmås i Studiofarm på Vatne, meinte det same. Og dermed starta ein lang innspelingsprosess der  Ose fekk med seg eit stjernelag av musikarar, Vassendgutane-relaterte Lars Egil Vågseter, Roberth Lien og Frank Utgård deltek saman med m.a. Stig Ulv.

Ta vare på

– Eg vil kalle dette ei plate med rock, med innslag av country og pop. Plata sin bodskap handlar mykje om det å ta vare på kvarandre, å lytte til hjartet, og å vise at ein er glad i den ein har rundt seg, seier Ose.

Han har fått mange gode tilbakemeldingar på at han no har realisert ein stor draum, og at plata er knakande god.

Plata var akkurat ferdig då far til Ole Jørgen, Steinar Ose, som «heile» Ørsta kjende, brått døydde. Kvardagen endra seg for familien som no ber på ei tung sorg.

– Eg ville sjølvsagt at pappa, som var svært musikkglad og som nok har inspirert meg  musikalsk, skulle få høyre låtane mine. Men slik gjekk det diverre ikkje. Men det er godt å  få dedikere plata til han, seier Ose.

Ein av låtane på plata, «Hold on», vart spela i gravferda til faren Steinar Ose. Det vart ei sterk oppleving for mange. No sit familien att med eit stort sakn etter ein god og kjær far som stilte opp for alle.

– Musikk er for meg god terapi når dagane kan verte tunge. Livet må likevel gå vidare, og det er viktig å halde ut også når livet kan verte vanskeleg, reflekterer Ole Jørgen Ose som gler seg til å spele for publikum.