- Vi starta salet alt 10. desember, og no er vi inne i den mest hektiske perioden. Frå 19.-22. desember er det stor trafikk her, men det likar vi.

Med "vi" siktar Hovden til familien. Alle er med på å ta i eit tak. Når 800 juletre skal verte hogde og setjast på løda er det klart at det må fleire par med hender i arbeid.

I år er det 40 år sidan den sjølverklærte "juletrenissen" i Hovdebygda selde sitt første juletre.

- Eg har alltid vore interessert i skogbruk, og vi hadde ein liten eigedom å nytte oss av, så då starta vi med juletre for å få litt aktivitet her, og for å spe på økonomien. Og så har det jo klaka på seg, kan du seie.

Det er ikkje få tusen juletre Eilert Hovden har produsert, og sjølv etter 40 år er han ikkje lei.

- Nei, i år har eg planta 3.500 nye tre, og dei skal vi hogge ned om 10 år. Då er eg 80, så vi har planar om å drive med dette ei stund til. Skogbruk er langtidsplanlegging!

- Og det finaste treet held du sjølvsagt av til deg sjølv?

- Ha ha, nei vi forsyner oss av restane vi, når kundane har fått sitt.