Sandvik Møbler AS i Liadal vart flytta til Sykkylven i 2013. Med det vart ei over 60 år gammal møbelhistorie avslutta i Ørsta.

Firmaet vart innlemma i selskapet Furnia AS. Furnia gjekk konkurs i sommar, og fekk såleis berre ei levetid på eitt år, og var eit samarbeid mellom møbelbedriftene Sandvik, Ra-Jo i Sykkylven og Vest-Møbel i Sykkylven.

Satsar vidare

I haust etablerte Lars Urtegård firmaet Sandvik Møbel AS. Urtegård er mangeårig dagleg leiar for Sandvik Møbler AS.

– Sandvik er ei god merkevare, og namnet lever vidare. Vi driv stort sett med det same, men har liten produksjon. Stort sett driv vi med innkjøp av halvfabrikat som vi monterer og sel.

Urtegård fortel at han og firmaet Dalema kjøpte opp konkursbuet til Sandvik etter konkursen i sommar. Dei eig 50 prosent av aksjane kvar.

Dalema Gruppen driv handelsverksemd innan import, varehandel, industri og fast eigedom.