Med vekst innanfor byggsegmentet har Vartdal Plast etablert seg på Romerike for å kome enno nærare kundebasen på Austlandet.

Vartdal Plastindustri AS har leigd eit areal på rundt 3.000 kvm midt mellom Oslo og Gardermoen. I tillegg til Vartdal har selskapet også produksjon på Ualand i Rogaland innanfor byggsegmentet.

– Bakgrunnen for at vi gjer dette er at store delar av marknaden og befolkninga er der nede, og vi utviklar oss kontinuerleg som ein nasjonal leverandør. Nærleiken til kundane på Austlandet er meir vesentleg enn andre stader. Det har også med optimaliseringa av vareflyten, og spesielt importerte varer. Vi er ein relativt stor importør av materiale som vi ikkje produserer sjølv, men som vi sel, seier Håkon Woldsund som er salssjef for byggavdelinga i Vartdal Plast.

Auka konkurransekraft

Det nye lageret til Vartdal Plast skal vere i drift i løpet av februar 2015. Produksjonsanlegget vil ha alle produkta som Vartdal Plast har i dag. Med å etablere seg på Austlandet har selskapet von om å auke kundebasen og auke konkurransekrafta.

– Vi håper at vi får fleire kundar som vel oss som leverandør, som igjen gir oss auka sal. I tillegg til betre logistikk på importerte varer. Når du importerer så er det mykje lettare å få bilar inn til Oslo, og billigare enn å ta det heilt inn til Vestkysten.

– Trygge dei anlegga vi har frå før

Woldsund seier at det er tøff konkurranse innanfor byggsegmentet.

– Eg vil seie at vi er ein av dei tre store, og det er klart at når det vi driv med består av 98 prosent luft så er logistikken vesentleg. Vi har von om at etableringa også vil gje utslag i heimemarknaden på ein positiv måte. Vi er veldig kundeorienterte, og prinsipielt så arbeider vi kontinuerleg for å verte ein betre leverandør for kundane.

Med etableringa på Romerike vert det også nokre nye arbeidsplassar i selskapet.

– Det er avgrensa, men det vert nokre. Ein viktig del i det å utvikle selskapet er å trygge dei anlegga vi har frå før. Det er vanskeleg å få til i dag utan å vekse, seier Woldsund.