– Ei styrke med boka er at det er folk frå lokalmiljøet som har skrive henne, kommenterer Kjell-Roger Isene, representant for Den norske kyrkja.

Onsdag var han og fleire andre frå samarbeidsutvalet og frå bokredaksjonen på plass på rådhuset i Volda for å personleg overrekkje eit eksemplar til ordførar Arild Iversen.

Impulsar

Boka gir ei oversikt over den store variasjonen av trussamfunn som er i Volda, og samstundes har folk fortalt om si personlege tru.

– Det som er ekstra fint med denne boka er at det ikkje er prestar eller predikantar som fortel, men vanlege innbyggjarar i Volda som er modige nok til å fortelje om si tru, seier Iversen.

Isene seier at Volda er unikt på den måten at dei har svært mange trussamfunn sett i forhold til storleiken på bygda.

– Her er stor variasjon, og det har nok med å gjere at vi gjennom tidene har fått mange impulsar utanfrå i og med at vi er ei studentbygd, trur han.

Små ord

Samarbeidsutvalet held kontakta mellom dei mange trussamfunna i Volda levande. Dei samarbeider om mykje, noko også boka er eit resultat av.

– Volda er den fjerde staden som får ei slik bok. Vi har henta ideen utanfrå. Vi veit om berre tre andre kommunar som har gjort dette. Og eg vil tru det er ganske historisk at så mange har gått saman om ei bok og gitt ho ut til alle husstandane i bygda, seier Per Ola Godø frå Pinsekyrkja.

– Tanken er at boka skal innby til samtale for dei som les den. Mange lurer kanskje på kva dei ulike trussamfunna representerer. Vi har mykje til felles, men det er også ting som skil oss. Denne dannar eit bilete av kva som er kva. Ho kan vere til trøyst, oppmuntring og refleksjon, seier Sølve Hatlen frå Volda frikyrkje.

Boka har fått namnet «Små ord – i eit mektig landskap».

– Vi ønskjer å gi ho som ei gåve til innbyggjarane i Volda, og trur også at når folk ser at det er lokale bidragsytarar, så vil dei ha lettare for å leite ho fram og lese i ho. Det er ei bok du kan hente fram når det passar, seier Isene.