Dagleg leiar kåre Liadal jr stilte sporty opp for å teste kvaliteten til si eiga Grøvik-renne etter at Liadal mottok Sparebank 1 sin næringspris på vegne av bedrifta og seg sjølv onsdag føremiddag. Og det var ein særs nøgs prisvinnar som mottok prisen.

- Eg vil takke pent på vegne av dei 25 tilsette, seier Liadal.

Han leier ei bedrift som er solid: Bedifta kan nok ein gong vise til eit god salsår og sel i 2014 takrenner for kring 65 millionar kroner. Overskotet er så bra at dei tilsette kan vente seg ein fin bonus, slik bedrifta har gjort til tradisjon.

Millionar

I år produserer bedrifta 1,2 millionar meter takrenner i aluminium.

- Vi er nøgde med salet ut i frå situasjonen i marknaden, seier Liadal jr.

Om årsaka til at Grøvik Verk er ei botnsolid bedrift seier den daglege leiaren dette:

- Vi har flinke tilsette med interesse og evner til å lære. I tillegg er fokus på automatisering og å halde nede kostnadsnivået særs viktige moment for å lukkast, reflekterer Liadal jr.

Grøvik Verk er så solid økonomisk at bedrifta ikkje har lånt pengar så lenge Kåre Liadal jr kan hugse. Så når Liadal jr går i banken for å prate, så er det ikkje for å få ned renta, men derimot få henne opp så mykje som mulig.