– Det vert første opningsdagen i kveld. I løpet av dei tre siste dagane har det kome bra med snø i høgda. Vi har fått trakka over og vore over området, og kom fram til at dette er såpass bra at vi må tilby folket, seier dagleg leiar Frank Harald Velle i Ørsta skisenter.

Dei siste åra har det stort sett vore kunstsnø som har vore det første som har vorte lagt i anlegget, men i år er det berre natursnø.

– Snøkanonane har vi berre flytta vekk igjen, og det er ingenting som er betre enn at vi kan opne på natursnø. Det er berre positivt, og det er ikkje utsikter for å legge kunstsnø med det første.

Med snømangelen under sesongen i fjor fekk ikkje skisenteret mulegheita til å opne opp heile anlegget.

– No opnar vi alt frå barnetrekket, t-trekket til toppen og Knuteløypa rundt og ned. Det vert dermed vanleg kveldskøyring og det er gledeleg. Vi sleit med opne heile trekket i fjor grunna snømangelen.

Ifølgje vêrmeldinga til yr.no er det meir snø i vente på Bondalseidet.

– Planen no er å ha kveldskøyring i vekene og ope både laurdag og søndag så lenge vi kan gi gode forhold. Eg trur det kjem meir snø i høgda, medan det kan verte regn i låglandet. Den eine dagen snør det og den andre regna det, men det er mykje snø i høgda, seier Velle.

Med eit kvitt landskap utandørs gler Ørsta skisenter seg til å få liv i anlegget.

– Med sesongen vi hadde i fjor så er det veldig gledeleg å få opne opp alt heilt opp, og det før jul. Vi er litt avhengig av at folk ser at det verkeleg kan verte ein skikkeleg skivinter, og vi har von om at det vert mykje snø i slik det har vore innimellom.

Volda skisenter hadde sin første opningsdag i helga, og opnar også opp anlegget for kveldskøyring i kveld.