Måndag har det lava ned både i Ørsta og Volda. Lågtrykk og temperaturar rundt nullpunktet har ført vinteren til Sunnmøre for alvor.

Men det ser ikkje til at vinterstemninga varer på vêrfronten, iallfall ikkje i denne omgang. Ifølgje yr.no kjem nedbøren som regn att i låglandet og i kystnære strok allereie frå tysdag. Tysdag er det venta snøgrense mellom 400 og 600 meter på Vestlandet.

I Ørsta er det varsla varmegrader på dagtid frå tysdag til fredag. Men til helga kan det sjå ut til at vi får kvit nedbør igjen.

Dei første prognosane for julehelga viser ein forbigåande høgtrykksrygg og lågare temperaturar. Men  kor vidt det blir kvitt julekvelden, er for tidleg å seie.

Vi tok ei rundt og knipsa nokre vinterbilde i Ørsta sentrum (sjå bildeserie over). Du kan gjerne dele dine blinkskot med oss. Bruk #mørenytt på Instagram eller send til redaksjon@morenytt.no.