Det var med 11 rekruttar og to symjarar som stilte i open klasse, i tillegg til trenarar og engasjerte foreldre som også var med.

Det var høgt engasjement på kanten frå foreldre, trenarar og klubbkameratar då symjarane deltok i sine øvingar. Det er kjekt å sjå at klubben har lukkast med satsinga om å få fleire med på stemne, og då spesielt rekruttane.

Å måle seg mot sine eigne tidlegare prestasjonar er veldig god motivasjon, og ikkje minst er det kjekt å vere del av ein gjeng som deltek på eit slikt arrangement i lag.

Rekruttane imponerte stort i bassenget med store forbetringar av sine personlege rekordar frå sist stemne. Maja Røe Natås fekk ros av speakeren for flott teknikk i ryggsymjing – og når ho i tillegg sym inn til ei bra tid i øvinga 25m rygg er det ein fin prestasjon.

Stine Gjengedal Sætre forbetra sin personlege rekord på 25 meter fri med heile 15 sekund, så den store utviklinga ho har hatt symjemessig det siste året viste tydeleg att på tida. Sigrid Sætre imponerte med flotte startstup og sumde også fort nok til å ta solid ny pers.

Simen Vatne Haram var den som deltok på flest øvingar for klubben – og ny pers vart det i alt han prøvde seg på. Han nådde også måla han hadde sett seg for kor fort han skulle symje. Håvard Gårdsvoll Vatne sumde også til ny personleg rekord i både 25m fri og 25m bryst. Martin Skjåstad Nesset hadde leita fram vinnarinstinktet og sumde inn til ei god tid i distansen 50m bryst.

Stafettlag

Ørsta Symjeklubb stilte for fyrste gong på fleire år med stafettlag i rekruttklassen, der Simen, Maja, Sigrid og Claudia sumde på lag på distansen 4x50m fri. Dei sumde på like under 4 minutt og skapte høg engasjement blant tilskodarane frå Ørsta. Claudia Pocora greidde seg fint til trass for litt sommarfuglar i magen før start og leverte ein sterk sisteetappe på stafetten der ho gav alt og sumde sin 50-meter enno fortare enn ho sumde same distansen individuelt nokre minutt før.

I open klasse hadde vi med Victoria Engeset og Nicholine Nesset, som begge sumde bra og forbetra sine personlege rekordar.

Dei yngste som var med frå klubben er 2006-modellane Andrè Arntsen, Ådne Sætre, Falk Aarsæther og Sigbjørn Fonesca som alle gjorde ein fin innsats i sine distansar.

Jeanett NekkøyØrsta Symjeklubb