Kristoffer Haddal Myrene er både den yngste butikksjefen på Amfi-senteret i Ørsta og den yngste i Intersport-kjeda i Noreg. 22-åringen, som kjem frå Haddal i Ulstein kommune, har hatt sjefsjobben sidan han var 20.

Under landssamlinga til Intersport-kjeda i november, stakk Intersport Ørsta av med tre av seks moglege prisar, melder Vikebladet Vestposten. Butikken vart årets beste på butikkprofilering, sosiale medier og opplæring.

Haddal Myrene byrja i Intersport-butikken i Ulsteinvik, og jobba der medan han fullførte vidaregåande. Eigentleg hadde han planar om å reise til London for å gå på skule, men slik vart det ikkje. Tjue år gammal fekk han spørsmål om å ta over butikken i Ørsta.

- Eg klarte ikkje å seie nei, og eg har absolutt ikkje angra på valet eg gjorde. I år ligg vi an til å oppnå tidenes beste årsresultat, trass i at marknaden aldri har vore så tøff som han er no, seier Haddal Myrene til Vikebladet Vestposten.