Folkeaksjonen for Volda sjukehus er glade for at sjukehusdirektør Astrid Eiksvik går av. Folkeaksjonen meiner at Eidsvik har stått for ei sentraliseringsline som har gått utover Volda sjukehus.

Her kan du lese heile kronikken:

Vi registrerer at adm.direktør i Helse Møre og Romsdal Astrid Eidsvik trekte  seg fråstillinga torsag med umiddelbar verknad. Grunngjevinga var at hofølte at Helse-Midt greip inn i hennar arbeid og planar.

At hotrekkjer seg ser vi positivt på, og vi har faktisk lenge etterlystat ho bør vurdere stillinga si. Det ein treng er ein samlandeperson som ser meir til ALLE sjukehusa i fylket og ikkje mest tileitt.

Eidsvik har i alle år som sjukehusdirektør motarbeidd detgode Volda sjukehus på alle vis med stadige forslag og utgreiingarom nedlegging av funksjonar som fødeavdeling, akuttkirurgi ogrehabilitering på Mork.

Hennar styring har vore prega av uro ogkonfrontering, fakkelaksjonar og protestar, og nye omkampar omnedleggjing. Eidsvik har heile tida arbeidd for å samla mest moglegav funksjonar til Ålesund sjukehus der ho starta som direktør for20 år sidan.

Etter at ho også vart direktør for Romsdal og Nordmørei 2011 har ho halde fram med å overføre funksjonar og ressursar frådesse sjukehusa til Ålesund. Sjølv om utgreiingar har synt at dettei stor grad ikkje har vore økonomisk lønsamt og til sterk ulempefor pasientane, så har det ikkje vore til hinder for Eidsvik sinsentraliseringsiver.

Seinast i fjor haust måtte helseministeren tråtil og stoppe Eidsvik når ho ville legge ned akuttberedskapen påVolda sjukehus som var i strid med regjeringsplattforma. Trass idette hadde Eidsvik varsla ny omkamp om dette over nyttår. Dette ersymptomatisk for ein dårleg helseleiar at ein stadig skaper uro ogutrykkleik for folket og dei tilsette.

Vi ber no om at det vertutnemnd ein ny direktør som ikkje berre vil sentraliserefunksjonar, men som er levande oppteken av å utvikle godelokalsjukehus som sikrar gode tilbod og akutt-tenester også utanomÅlesund.

Helse Møre og Romsdal har no brukt meir enn 120 millionarkroner av helseforetaket sine midlar på utgreiing rundt dette medplasseringa av nytt sjukehus i Romsdal/Nordmøre – utan at eitspadetak er sett i jorda. Vi trur det er betre å behalde to fullverdige sjukehus både i Kristiansund og Molde. Det vil verelangt billegare å byggje eit nytt sjukehus i Molde for Romsdal, ogpasientane vil sleppe opptil tre timar reiseveg til eit nyttgigantsjukehus. Det er også der i hovudsak folket og dei tilsettebur.

Eidsvik sin avgang syner at helseforetaksmodellen ikkjefungerer, men skaper konflikter, uro og støy. Direktøren forforetaket sit på eit sjukehus og vil sentralisere mest mogleg tilsitt sjukehus frå dei andre sjukehusa i føretaket – i strid medfolkevilja.

I ny helse- og sjukehusplan må kvart sjukehus få meirsjølvstyre – dette vil vere langt meir effektivt og skape ro ogmindre konflikter.

Vi registrerer at prosjektgruppa som arbeidermed ny helse-og sjukehusplan har oppretta ei eiga nettside der deispør folket om framtidas sjukehus og forventningar. Vi har alt lagaei slik side, les meir på http://www.meining.no/ Og beskjeden erklar: Folket forventar kortreist helsetilbod og fullverdigelokalsjukehus!

Jørund Knardal

Per Johan Ramsli

Folkeaksjonen for Volda sjukehus