No startar bøtlegging av bilistar som parkerer ulovleg på nordsida av Amfi Ørsta (Narvesen-sida).

Det fortel lensmann Guttorm Hagen etter at Ørsta kommune no har fått oversendt den stadfesta skiltplanen for området.

– Det gjer at vi nok er sikre på at det vert utskrive parkeringsgebyr før jul, sjølv om vi eigentleg har anna å gjere, seier lensmannen.

Det er skilta er i samsvar med den nyleg vedteke skiltplanen, og skilta kom på plass fredag. Mellom anna er det som underskilt til parkeringsskiltet vist at det skal parkerast i lengderetning. Skråparkering er ikkje lov.

Trafikktrygging

– Når det gjeld området framfor inngangen, vil det vere lovleg å stoppe for av- og påstigning, seier Hagen. Han ber om at folk no parkerer i samsvar med regelverket, for politiet vil helst sleppe å bøtleggje.

– Parkeringsforbodet framanfor inngangen er også viktig av trafikktryggingsmessige sider. Barn og andre er utsette for fare for påkøyrsel når sikta er hindra av feilparkerte bilar. Den nye skiltplanen gjer det meir oversiktleg, seier Hagen.

Det vil framover kome stadig nye område i Ørsta sentrum med godkjende skiltplanar.