– Gratulerer, du er den første passasjeren som brukar den nye innkomsthallen på her på lufthamna.

Lufthamnsjef Sverre Bae stilte med blomar då WF 173 frå Oslo landa i nitida fredag morgon.

Passasjerane på flyet var dei første som fekk bruke den nye innkomsthallen. Hallen, som eigentleg er ei ombygd garasje, vart så vidt ferdig til opninga. Framleis står litt arbeid igjen, mellom anna er golvet framleis det gamle garasjegolvet.

– Vi gjennomførte ein test på ein innkomst i går ettermiddag, men vi tek hallen offisielt i bruk i dag, seier Bae.

Vart først

Den aller første gjennom døra var Sven Solend. Han bruker Hovden ein del for tida i jobbsamanheng.

– Det var jo veldig hyggeleg, sa Solend.

For mange var det nok litt uvant å svinge til venstre i staden før høgre då dei kom ut av flyet. Brannbilgarasjen skiljer den nye innkomsthallen frå avgangshallen.

– Flya skal parkere lenger bort mot tårnet no, slik at ein går nesten rett inn i hallen når ein kjem. Med denne nye hallen får vi eit skilje mellom innkomst og avgang, og passasjerane får langt betre plass, seier Bae.

Raskt på plass

Bygginga av hallen har kosta tre millionar kroner, og gått svært raskt.

– Vi la planane no i vår, hadde byggjestart i september og opning no i november, seier Bae.

Dette er del av eit større renoveringsprosjekt Avinor gjer på Hovden. Tårnet er allereie under oppussing, og til neste haust håper Bae å ha klar ein ferdig oppussa avgangshall.

– Vi får ikkje fleire kvadratmeter i avgangshallen, men vi skal utnytte plassen betre, og gjere det best mogleg for dei reisande, seier Bae.