Det er i ei fråsegn til detaljreguleringsplanen for ny bensinstasjon på Ose at lensmannen kjem med ynsket.

– Gangfeltet i nærleiken av Rema 1000 bør verte det fyrste med lysreguleringa i Ørsta – det vil seie at fotgjengarane sjølve kan aktivere lysreguleringa, seier Hagen.

Og han synest generelt at krysset E39/Melsvegen bør verte vurdert for lysregulering.

– Noverande kryss er sterkt belasta, og reguleringa i dag synest ikkje å vere tilpassa mengda med lokaltrafikk og gjennomgangstrafikk. Krysset bør allereie no verte vurdert som lysregulert, seier Hagen.

Han er kritisk til at planen om bensinstasjonen kjem i eigen plan.

– Det er uheldig at forslaget om bensinstasjon og plassering av denne ikkje har vore teke med i tidlegare høyringsrunde og planarbeid. Slik tilleggsbruk av arealet kunne ha påverka høyringsfråsegner og kryssløysing, seier Hagen.

Og han påpeikar at krysset E39/Melsvegen ikkje vart regulert som rundkøyring.

Stasjonen ynskjer han plassert i det nordaustre hjørnet.