Knut Arne Nygård studerer appen på mobiltelefonen etter trimturen med «Tjukkasgjengen» måndag. Og han registrerer at forma vert betre.

Kvar måndag samlar ein gjeng seg ved Kaihuset i Ørsta for å ta ein times trimtur. Dette er folk i alle aldrar, og med ulik vekt og ulik kondisjon. Men dei har ein ting til felles: Dei har lyst å vere saman med andre for å kome seg i betre form.

Fleire stader er det etablert såkalla «Tjukkasgjengar» som samlar seg for å verte i betre form. I Ørsta vart det danna ei gruppe på Facebook, men det viste seg vanskeleg å få i gang aktivitet, og difor tok Frivilligsentralen initiativ, og fekk i stand eit fast opplegg med turar kvar måndag.

– De er viktig å påpeike at tjukkasgjengen ikkje berre er samansett av «tjukke» folk, men rett og slett av folk som har lyst å kome seg ut på tur, men som syns det er enklare og kjekkare å gjere det saman med andre, seier Rebecca Riise Bjerknes, leiar for Frivilligsentralen i Ørsta.

Ho inviterte til den fyrste turen måndag 1. september med oppmøte på Kaihuset, og sidan den gongen har det vore tur kvar måndag.

Varierte ruter

– Turane er på om lag ein time, og vi har gått forskjellige ruter. Gruppa styrer seg sjølv og kvar turen går, og fleirtalet avgjer, fortel Riise Bjerknes.

Sist måndag gjekk turen frå Kaihuset og opp Garvargata, vidare vestover langs Bakkevegen før ruta gjekk oppover og over Vinjevoll og den nye «kanalvegen» frå Vinjevoll til 1. vasshuset ovanfor Vallageila. Derifrå gjekk turen ned att til Garvargata og heilt ned til Kaihuset.

Med på turen var fire personar denne gongen. Det var Knut Arne Nygård, Liv Bente Viddal, Ingvild Kalvatn og Maria Anne Kalvatn.

– Vi har vore opp i mot ti på tur, og det er folk frå både Ørsta og Volda, fortel Riise Bjerknes.

Dei som har vore med til no håper at endå fleire tek del på turane.

– For det er veldig greitt å gå saman. Praten går, og det er enklare å motivere kvarandre, seier Liv Bente Viddal.

Sist måndag var det litt regnver i starten av turen, men elles var det opplett og ein fin kveldstur. Møre-Nytt sin utskremde, som også har eit visst behov for trening, vart med på heile turen.

Akkurat passe

Det vart ikkje for tungt, men akkurat passe hardt slik at ein kjenner at ein sveittar, og slik at ein kjenner at både pust og bein får pressa seg lite grann.

– Her skal alle kjenne at dei er velkomne. Vi går ikkje ifrå nokon, men passar på at alle vert med. Ingen vert «sist», seier Viddal.

Tjukkasane er altså i alle former. Her er det ikkje fokus på korleis du ser ut, men korleis ein kan kome i betre form.

– Eg er veldig glad for at vi har dette tilbodet i Ørsta. Eg var med eit opplegg knytt til Frivilligsentralen i Volda, men synest det er greitt at det også no er eit slikt opplegg i Ørsta, seier Knut Arne Nygård.

Han har merka framgang, og han synest opplegget med måndagstrimmane er flott.

– For meg handlar det om å kunne mosjonere saman med andre. Det er mykje meir inspirerande, seier han.

Turane kan altså variere. Ruta opp til «kanalvegen» har vorte ein av dei mest vanlege, og det er fint å kome seg opp i høgda med eit flott utsyn over Ørsta.

– No når det er mørkt, og etter kvart vert snø, er det truleg meir avgrensa kva ruter vi kan gå. Men her er likevel nok å velje i, understrekar Nygård, og saman med dei andre trimmarane ynskjer han endå fleire velkomne til å vere med på måndagstrimmen.