– Dette kan vi ikkje gi oss på! skriv bebuarane langs fylkesveg 40 ved Nautvika, mellom Folkestad og Dalsbygda i Volda.

Statens vegvesen har tidlegare sagt nei til å redusere fartsgrensa på strekninga Nautvika-Kornberg, som i dag er 80 kilometer i timen. Vegvesenet har tidlegare svart at dei vurderte ein søknad om lågare fartsgrense på strekninga for nokre år sidan. Den gongen sa dei nei, og dette vedtaket står framleis.

– Her er det høve til å bruke skjøn, og etter det eg kjenner til har ikkje representantar for vegvesenet vore på staden for å sjekke ut forholda? Det er ikkje godt nok! skriv bebuarane.

Forstår frustrasjonen

– Vegvesenet har vore på staden og kjenner tilhøva. Vi forstår frustrasjonen når hus ligg så nær vegen, med dårlege avkøyrsler, skriv sakshandsamar Kåre Mittet.

Han skriv vidare at fartsgrense ikkje blir sette etter skjøn, men etter ei konkret vurdering opp mot forskrifta. Det skal sikre like vilkår over heile landet.

– Dette er ein av dei lågast trafikkerte vegane på Sunnmøre. Sjølv om den er smal og de synest bilane køyrer fort, så er det trass alt få bilar som køyrer der, skriv Mittet.

Nautvika ligg mellom Folkestad og Dalsbygda, ved fylkesveg 40.