I førre veke tilrådde landbruksnemnda i Ørsta kommune at både konsesjonsplikt og buplikt skulle opphevast. Tilrådinga frå rådmannen og landbrukssjefen var at Ørsta kommune meiner at lova er naudsynt, og rår sterkt frå å oppheve dette. Saka kom på bordet under formannskapet tysdag, og det var tidleg presisert frå ordførar Rune Hovde at saka og vert sendt vidare til kommunestyret slik at dei ulike partia kan få betre tid til å drøfte den. Likevel vart det diskusjon rundt møtebordet.

– Eg har ikkje trua på tvang og tvangsmidlar. Det er avleggs, og vi lever i ei moderne tid og då må også lovverket for landbrukseigedomar tilpassast. Eg trur på eit fritt samfunn og meiner at tida for tvangsmidlar er forbi, sa Hans Olav Myklebust (Frp) som meiner at lova legg band på eigedomar og ikkje gjev eigarane fridom til utvikling.

Ola Perry Saure (Sp) var ikkje einig med Myklebust, og meiner at finansiering for unge som har lyst til å etablere seg som gardbrukarar er den store utfordringa.

– Det er rimeleg enkelt å skaffe seg landsbrukseigedom om du er om deg i dag. Lån og finansiering er det store problemet for dei unge, og ungdom treng vi på bygdene, sa Saure som gjekk inn for tilrådinga til rådmannen.

Ørsta Ap gjorde det klart at dei ville gå for tilrådinga til rådmannen, og fekk støtte frå Paul Kristian Hovden (KrF) og Venstre.

– Hans Olav Myklebust er ein særdeles hyggjeleg kar, men i dag er eg særdeles ueinig i argumentrekkja. Prisen på gardsbruk vil verte heilt annleis om vi opnar opp, og vi er best tent med å halde fram slik som no. Marknadskreftene ser vi rikeleg i andre samanhengar om vi ikkje skal sjå dei i ei av primærnæringane i Ørsta.

– Skal vi styrke landbruket så må det ei endring til. Tal på nedlagde bruk er eit resultat av politikken og lovverket i dette landet, sa Myklebust.

Medan dei fem representantane frå KrF, Sp, V og Ap gjekk inn for tilrådinga, røysta Frp (Myklebust og Wenche Volle) og H (ordførar Rune Hovde og Monica Rebbestad) mot. Både landbruksnemnda sitt forslag og tilrådinga frå rådmannen vert sendt vidare til kommunestyret.