Plantinga av hogstflater etter orkanen Dagmar kom i gang i år. Totalt er det sett ut 111.650 planter i Volda og Ørsta.

Av totalen vart det i Volda sett ut 7.500 planter av skogeigarane sjølve. Elles er det i hovudsak Allskog som har stått for arbeidet.

Gran er den mest dominerande planta. Landbrukskontoret seier at mange skogeigarar vegrar seg for å plante gran, men at det er dette treslaget som heilt klart produserer mest på sunnmørske markar. Det er også sett ut ein del låglandsbjørk i samråd med skogeigarar, der dette treslaget høver.

Det planta arealet utgjer om lag 450 daa, og ikkje sidan skogreisingstida har det vorte planta ut så mykje i Ørsta og Volda.

Landbrukskontoret melder at arealet ideelt sett skulle ha vore langt større, men at dei økonomiske ressursane sette ein stoppar for det.

For Volda og Ørsta vart det løyvd 150.000 kroner til skogkultur i år, medan aktiviteten med planting har utløyst eit behov på om lag 450.000.

– Skal ein få kultivert alt areal i rett tid må tilskotsramma for skogkultur aukast kraftig i høve til 2014, er meldinga frå landbrukskontoret.