Opplysningsvesenets Fond (prestegarden) krev 700.000 kroner i årleg festeavgift frå Ørsta kommune for Ørstaheimen frå og med 2015.

Det går fram i eit krav om regulering av festeavgifta som advokatfirmaet Harris har sendt på vegner av Opplysningsvesenets fond til kyrkja.

Reguleringa av festeavgifta kjem etter at avgifta no har vore det same sidan 1975. Festeavgifta er rekna ut frå marknadsverdi på tomta på 1.050 kroner per kvadratmeter.

Også festinga av tomta til Hjørundfjordheimen vert det kravd endring på. Her snakkar ein ikkje om same tomteverdiane (110 kroner kvm), og ergo vert den årlege leiga sett til 40.000 kroner.

For begge objekta vert det varsla ny regulering av festeavgifta i 2035.