Rådmannen legg opp til ein auke i SFO-satsane i Ørsta frå neste år.

Fullt SFO-tilbod (meir enn 19 timar i veka) blir auke med 50 kroner til 2.700 kroner i månaden.

Redusert tilbod (mellom 10 og 18 timar i veka) blir auka med 40 kroner til 1.985 kroner i månaden.

Korttidstilbod (inntil 9 timar i veka) blir auka med 30 kroner til 1.230 kroner i månaden.

Matpengar kjem i tillegg for alle satsane.

Andre satsar uendra

Barnehagesatsane i Ørsta er allereie på den statleg fastsette maksprisen, og blir ikkje endra neste år. Prisen for plass i Ørsta kulturskule blir uendra på 3.100 kroner per år.

Saka skal opp i samband med budsjetthandsaminga i formannskapet tysdag.