Om ikkje partane i LFF (Luftfartens Funksjonærforening) og NHO Luftfart ikkje blir samde i meklingsmøtet måndag, blir 540 personar i SAS Ground Handling og 140 personar i Widerøe tekne ut i streik.

LFF-leiar Asbjørn Wikestad seier til VG at SAS- og Widerøe-ruter både innanlands og til og frå Noreg blir råka.

Hovden kan bli råka

Også rutene til og frå Ørsta-Volda lufthamn, Hovden, kan bli råka av streiken.

– Om dei tek ut så mange at operasjonane på Gardermoen og Flesland ikkje kan halde fram, vil det ikkje vere mogleg å flyge Widerøe-rutene til og frå Hovden, seier NFF-klubbleiar Knut Inge Gulla ved Hovden til Møre-Nytt.

Det er i hovudsak tilsette i innsjekk og billettkontor som blir tekne ut ved ein streik. SAS opplyser til VG at dei ikkje vil kansellere ruter ved ein streik.

Håper å flyge som normalt

Ifølgje kommunikasjonsdirektør Richard Kongsteien i Widerøe er det først og fremst kortbanelufthamnene nord for Trondheim som blir råka ved ein streik. Sør for Trondheim er Widerøe sine fly avhengige av SAS sine bakkemannskapar.

– Det er litt avhengig av kva SAS får til av løysingar, fordi mange av våre ruter er innom ein SAS-stasjon, seier Kongsteien til E24. Ved både Gardermoen og Flesland er det SAS som tek seg av flya til Widerøe.

Om SAS held sine stasjonar opne, trur Kongsteien Widerøe-flya kan gå tilnærma som normalt.

Blir ikkje tekne ut

Dei tilsette ved Ørsta-Volda lufthamn er ikkje tekne ut i streiken, og blir heller ikkje det, ifølgje Gulla.

– Vi er tilsette gjennom ein agent, og ikkje i Widerøe direkte, så vi blir ikkje tekne ut, seier han.

Av lufthamnene i Sør-Noreg, er det berre Sandane som står i fare for å bli stengt.

Løn

Forhandlingane kjem etter at den framforhandla avtalen vart kasta i ei uravrøysting i NFF. Stridsspørsmålet står i hovudsak om løn, ifølgje VG.

Saka blir oppdatert