17. november 1987 vart Torunn Osborg tilsett ved Asko. Den gongen var det ein liten butikk, og arbeidstida var 9–17 og på laurdagane stengde dei klokka 13.00. Timelønna var på rundt 58 kroner, og det var ei heilt anna verd enn i dag. Torunn si rolle var i kassa, og ein dag i veka var ho på ferskvare.

Osborg har vore med på ei stor utvikling i butikken. Fire oppgradering, inkludert ei utviding, og i 2000 gjekk butikken inn i Kiwi.

Ifølgje ektemannen Odd Jarle Osborg har Torunn gledd seg til å gå på arbeid kvar einaste dag. Gjennom 27 år har ho hatt til saman ei veke med sjukefråvær. Ho skadde foten då ho fekk ein bossdunk over føtene, men sat i kassa med krykkene ved sida av seg då ho ikkje ville vere vekke frå jobb.

– Innsatsen til Torunn har vore upåklageleg og ho har vore ein bauta i si rolle. Ho hadde vore ein kandidat til Kongens fortenestemedalje om ho hadde heldt fram i 3 år til, seier eigar og franchisetakar Arne Johan Rebbestad.