Det var rådmannen som foreslo ei endring i samansetjinga av kommunestyret i Ørsta. I dag er det 33 medlemmer i kommunestyret, og rådmannen ynskjer dette redusert til 27.

I tillegg ynskjer rådmannen å redusere talet på medlemmer i fagutvala frå ni til sju.

I saksutgreiinga løyner ikkje rådmannen at det handlar mykje om økonomi. På fire år vil Ørsta kommune spare ein million kroner på endringa.

Men i formannskapet møtte rådmannen motbør.

– Det vil verte problematisk for partia å få samansett formannskapet og utvala. Vi må tenkje kjønn og geografi, sa Jostein O. Mo (Ap).

Han peika på fleire forhold han meinte ville verke negativt med ein reduksjon i talet på politikarar.

– Eg har sjølv vore medlem i samfunnsutvalet i snart to periodar. Der har eg sett det er ein stor verdi å ha eit breiast mogleg samansett utval med representantar frå heile kommunen. Det å ha kjennskap til lokale forhold gjev god sakskunnskap, sa Mo.

Vidare peikte han på behovet for rekruttering. Med å redusere talet på politikarar i kommunestyret og i utvala frykta han at det vart for få høve for nye politikarar til å vise engasjement og interesse.

Ola Perry Saure (Sp) var skeptisk.

– Dette kan verte mindre demokrati. Vi treng politikarar som kan vere ei balansert motvekt mot byråkratiet, sa Saure.

Han la fram forslag om at talet på politikarar skal vere det same i komande periode som no.

I debatten kom det fram ei otte for at ei omlegging ville råke dei mindre partia mest.

Ordførar Rune Hovde frykta ikkje det. Han poengterte fyrst at saka ikkje var drøfta i Høgre-gruppa.

– Viss vi ser i saksutgreiinga, ser vi at dei mindre partia får representasjon med ei omlegging, sa Hovde.

I debatten vart det teke atterhald om at saka enno ikkje har vorte drøfta i partigruppene, og at det fyrst vil skje fram mot kommunestyremøtet.

Etter eit gruppemøte vart det røysta, og med eit fleirtal med sju mot to vart forslaget frå rådmannen avvist, og forslaget frå Saure vart tilrådd.