– Disputasen gjekk kjempebra. Eg fekk veldig positive tilbakemeldingar frå opponentane på arbeidet mitt, og forskinga har verkeleg blitt verdsett, seier Wenke Mork Rogne til Møre-Nytt.

I førre veke disputerte ho for ph.d.-graden (doktorgraden) ved Universitetet i Oslo. Mork Rogne er høgskulelektor ved lærarutdanninga ved Høgskulen i Volda, og har forska på leseforståing blant barn og unge.

Studerte lese ferdigheiter

– Eg studerte elevar medan dei las, og studerte kva dei hadde oppfatta frå tekstane etterpå, forklarer Mork Rogne.

Forskinga hennar viser mellom anna at elevar som les mykje på internett på fritida, slit meir med å samanfatte innhaldet i tekstane enn andre elevar.

– Lesing er ei av dei grunnleggjande ferdigheitene elevar lærer i skulen, og difor er forsking som gjer forståinga vår av leseferdigheiter betre svært aktuell, seier Mork Rogne.

Viktig for høgskulen

Ho trur det er viktig for Høgskulen i Volda å ha folk med forskingskompetanse.

– Det er særleg viktig i desse tider, med debatt om korleis høgskulestrukturen skal vere i framtida og forslag om sentralisering av dei høgare utdanningsinstitusjonane. Då må vi vise at vi driv forsking på høgt nivå og kan måle oss med større skular, seier ho.

Regjeringa skal leggje fram ei stortingsmelding om høgare utdanning, og har varsla

endringar i både innhaldet i skulane og talet på skular. Stortingsmeldinga er varsla våren 2015.

For Mork Rogne er det også viktig å halde på språket sitt i forskingsverda.

– Avhandlinga mi er skriven på nynorsk. Eg har vore oppteken av å utvikle eit fagspråk på hovudmålet mitt gjennom doktorgraden.

No skal forskinga hennar ut i verda.

– Ja, eg og ein av rettleiarane mine var så heldige å bli invitert til å presentere arbeidet på ein stor forskings- og utdanningskonferanse i USA, så det blir veldig spennande, seier den nyslåtte doktoren.