Den internasjonale frivilligdagen er 5. desember. I staden for å ha markering ein dag samarbeider frivilligsentralane i Volda og Ørsta, og legg opp stort og variert program.

– Vi hadde så mange ting vi ville få til at vi ikkje kunne samle det på ein dag, seier dagleg leiar Rebecca Riise Bjerknes i Ørsta frivilligsentral.

Det er ikkje første gang at frivilligsentralane samarbeider om arrangementet, og dagleg leiar Astrid Gjersdal i Volda frivilligsentral seier at det er naturleg at dei samarbeider.

– Og vi prøver å samarbeide om mest muleg.

Feiringa av den internasjonale frivilligdagen startar 1. desember. Då vitjar frivilligsentralane i Volda og Ørsta opplæringssentera i dei to kommunane.

– Vi vil fortelje om viktigheita av frivillig arbeid og det er å vere aktiv. Mange innvandrarar kjem frå land der dei ikkje er vande med organisasjonsarbeid, og vi vil synleggjere at frivillig arbeid betyr mykje i Noreg. Frivillig arbeid er ein av grunnsteinane i demokratiet, seier Gjersdal.

Tysdag vert det open dag på Ørsta frivilligsentral der alle er velkomne.

– Om nokon har ein ide så kan det vere at vi kan gi dei ein puff og hjelp slik at den kan verte realisert, og vi kan bidra med mykje. Vi har von om å få noko ut av den opne dagen. Kanskje kan vi skape noko i lag, og det kan vere tiltak som vi treng i lokalsamfunnet, seier Riise Bjerknes.

– Når folk tenkjer på frivilligsentralane så forbind dei det gjerne med oss. Det er mykje meir og vi er ein slags reiskap, seier Gjersdal.

I tillegg til open dag vert det kurs for frivillige lag og organisasjonar tysdag kveld. Kvelden har fått namnet «Synleg og tydeleg». Jostein O. Mo kjem for å snakke om godt språk, og Olav Sindre Kriken frå Racer held kurset «Omdømebygging og rekruttering gjennom sosiale media».

– Vi har von om at vi treff breitt med tematikken.

Laurdag vert det inviterte til frivilligfest på Volda samfunnshus. Frivillige lag og organisasjonar vert invitert til å stå på stand og vise seg fram, og det vert sal frå det internasjonale kjøkkenet i Volda og Ørsta. Seinare på dagen vert det programinnslag med Jens prest og Marie Lovise Widnes med temaet medmenneske og samfunnsengasjert, i tillegg vert kulturelle innslag.

– Vi trur at dette vert ei kjekk veke i frivilligheita sitt namn.