– Talet på sengar i Volda har vorte dramatisk redusert dei siste 10 åra. Kirurgisk avdeling er til dømes redusert frå 29 til 18 senger. Dette skjer samstundes med at vi får fleire og fleire pasientar, og nye vegar har gitt fleire som soknar til sjukehuset vårt. Vi treng fleire sengar, ikkje færre, seier Synnøve Hill.

Ho er leiar i den lokale aksjonsgruppa for Helsetjeneste-aksjonen, som vart markert ved Volda sjukehus torsdag ettermiddag. Ei rekkje sjukepleiarar, legar og andre tilsette brukte lunsjpausen sin på å delta på markeringa.

– Har gått for langt

Volda sjukehus har sluppe unna ytterlegare nedskjeringar i talet på sjukehussenger i denne omgang, men reduksjonen har altså vore dramatisk dei siste åra.

– Til ei viss grad er det meininga at det skal vere slik. Behandlinga blir meir effektiv og det blir brukt meir dagkirurgi. Men utviklinga har gått for langt. Det kan verke som det er eit mål i seg sjølv å ha eit helsevesen med færrast mogleg sengar, seier Hill.

Appellen ho heldt under markeringa torsdag, var adressert til adm. dir. Astrid Eidsvik i Helse Møre og Romsdal. Ho kunne ikkje stille, men det kunne leiar ved medisinsk avdeling, overlege Inge Eskeland.

100 prosent

– Ved medisinsk avdeling har vi i dag eit belegg på 100 prosent. Ein ytterlegare reduksjon i talet på sengar går berre ikkje, seier han.

Helsetjeneste-aksjonen er ikkje retta mot den administrative leiinga eller styret i Helse Møre og Romsdal, og er heller ikkje del av eit fagforeiningsarbeid.

– Men vi ønskjer at leiinga og styret kan bringe bodskapen vår vidare oppover i systemet, seier Hill.

Les meir i papiravisa laurdag.