Mange i Ørsta vart nøydde til å skrape av rutene på bilen fredag morgon. Temperaturen var rundt null grader i Ørsta sentrum klokka 08.30.

Det blir truleg ikkje naudsynt laurdag.

– Ein varmfront gir stigande temperatur frå fredag, melder Vêrvarslinga på Twitter.

Temperaturen i Ørsta vil ligge mellom 12 og 14 grader på dagtid laurdag. Det blir også vesentleg våtare enn i hittil i dag. Regnet startar fredag ettermiddag/kveld, og det ser ut til å kome mest nedbør mellom klokka 12 og klokka 18 laurdag.

Nedbørsmengdene blir likevel på langt nær like høge som tidlegare i veka. Flaum- og skredvarselet til Noregs Vassdrags- og energidirektorat er også oppheva.

Søndag blir det lettare vêr og om lag same temperatur. I neste veke er det venta mykje opphaldsvêr og lågare temperaturar. Då er det fare for nattefrost att.

Då kan det med andre bli naudsynt å finne fram isskrapa igjen.