Det viser oktobertala til NAV Møre og Romsdal. 2,0 prosent av arbeidsstokken i Ørsta er heilt ledige, medan 1,5 prosent er heilt ledige i Volda.

Ørsta har fått 15 fleire arbeidsledige det siste året. Ingen andre kommunar på Søre Sunnmøre har ein så sterk auke. Volda har fått éin ny arbeidsledig, medan både Herøy og Ulstein har nedgang siste året.

Lyspunktet er likevel at Ørsta har 18 færre arbeidsledige no enn for ein månad sidan.

Det er til saman 107 personar i Ørsta som er arbeidsledige, medan 69 er det same i Volda.

Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no på 2,0 prosent, medan ho er på 2,7 prosent i heile landet. Trenden er aukande både for fylket og for heile Noreg.

– Hordaland har ein auke på 15,3 prosent det siste året og Rogaland har ein auke på heile 18,8 prosent, mens auken i vårt fylke er på 3,9 prosent i same periode. Det gjer at berre fylka Oppland, Troms og Sogn og Fjordane har lågare arbeidsløyse enn Møre og Romsdal, seier fylkesdirektør Stein Veland i NAV.