Svendsengarden er tusenårsstaden til Ørsta, og skal vere ein grøn oase og ein samlingsstad i sentrum. No jobbar Ørsta kommune med å utvikle garden vidare.

– Ja, no håper vi verkeleg at vi får til noko i løpet av neste år, seier Gunnar Wangen i Ørsta kommune.

Eit skisseprosjekt for korleis Svendsengarden kan kome til å sjå ut vart presentert av landskapsarkitekt Regine S. Aklestad ved Ose Ingeniørkontor i haust.

Ser for seg amfi

Røedhuset ved sidan av garden skal rivast for å gjere plass til ny busslomme ved E39. Rivinga av huset opnar for eit større uteområdet ved Svendsengarden.

Aklestad ser for seg å byggje eit amfi utanfor garden.

– Det er eit mål at Svendsengarden skal vere ein samlingsstad i sentrum. Plassen framfor garden har ein slik funksjon i dag, vi håper at også området der Røedhuset ligg kan bli det, seier Wangen.

Han presiserer at skissa frå Aklestad berre er eit forslag, og at planane kan bli endra.

– No skal vi presentere dette for ei referansegruppe, og så skal vi kome fram til ei god løysing som utnyttar området best mogleg.

Vil ha tilbake fontena

Eitt av elementa både kommunen og Statens vegvesen opnar for å få inn på plassen, er den gamle fontena som i si tid stod i krysset Kyrkjegata/Anders Aarsæther-gata.

– Denne måtte bli fjerna for å gi plass til utviding av riksvegen, så Statens vegvesen føler kanskje eit ansvar for å finne ein eigna plass til den, seier Wangen.

Både vegvesenet og kommunen meiner det er mogleg å kombinere busslomme, fontene og eit amfi på plassen der Røed-huset står i dag.

Statens vegvesen ønskjer å rive Røed-huset og bygge busslomma i løpet av 2015. Kommunen jobbar også mot å få til noko neste år.

– Vi har ikkje fått på plass alt på finansieringssida, men håper på å få tildelt tettstadmidlar frå fylkeskommunen. Dette er eit prosjekt som vil gi Ørsta sentrum eit løft, så vi håper fylkeskommunen vil vere med på opplegget.

Riving: Røedhuset (merka på kartet) er planlagt riven for å gjere plass til ein busshaldeplass. Det frigjer også plass til andre ting. Illustrasjon: Ose Arkitektkontor/Regine S. Aklestad
Fontene: Fontena som stod i krysset Kyrkjegata/Anders Aarsæther-gata kan kome opp igjen ved Svendsengarden. Foto: Olav Lystad