Neste sommar er Ålesund ein av byane Tall Ships Races skal innnom. Etter hovudarrangementet i Ålesund 15.-18. juli, er det opna for at seilskutene kan segle innom mindre hamner på veg til Kristiansand.

Ålesund har invitert Ørsta, Stranda, Herøy og Vågsøy til å vere slike gjestehamner. Så langt er det berre Vågsøy som har gitt tilbakemelding, melder smp.no.

Ordførar Rune Hovde i Ørsta seier til Sunnmørsposten at kommunen må vurdere økonomien i oppleget.

– Vi har ein anstrengt økonomi som mange andre kommunar, og må vurdere eventuelle kostnader nøye, seier Hovde.

Ørsta, Sæbø og Urke er alle aktuelle som hamner om Ørsta takkar ja.

Ørsta formannskap skal handsame invitasjonen komande tysdag. Då er fristen gått ut, men Hovde seier dei ikkje har hatt tid til å sjå på dette før no.