Ørsta, Volda og resten av Sunnmøre har fått bløytt seg dei siste dagane. Mange håper kanskje at det verste var over då sola titta fram i Ørsta måndag føremiddag. Men slik er det ikkje.

Måndag ettermiddag kjem det nye, regntunge skyer innover land. Det er venta store nedbørsmengder, og Vêrvarslinga på Vestlandet opprettheld OBS-varselet.

– Lokalt er det venta mellom 40 og 90 millimeter på 24 timar. Det kjem mest nedbør på Sunnmøre, heiter det i varselet.

Ifølgje Yr.no skal det regne samanhengande i eit heilt døgn frå måndag ettermiddag. Nedbøren er venta som snø frå 1000-1200 meter.

Lettar tysdag kveld

Vinden blir ikkje like sterk som i helga, då det var storm fleire stader. No er det venta sørvest frisk bris på kysten, oppi stiv kuling på Sunnmøre.

Regnet held fram utover natta og tysdagen, før det går over til regnbyger tysdag kveld. Då er det også venta litt lågare temperaturar, rundt seks grader i Ørsta. Snøgrensa fell til 600-800 meter.

Framleis flaumvarsel

Noregs Vassdrags- og Energidirektorat (NVE) heva jordskred- og flaumberedskapen på Sunnmøre frå grønt til gult nivå søndag. Dette varselet held fram måndag og tysdag.

– Bratte skråningar og elveløp med stor vassføring er særleg utsette. Rensing av dreneringsvegar og stikkrenner er tilrådd, skriv NVE.