Hovden skule i Hovdebygda feirer 50 år, og det blir feira med jubileumsforestilling i kulturhuset 12. november.

Både foreldre og tidlegare tilsette blir inviterte til framsyninga, som elevane i stor grad står for sjølve.

– Vi skal gå tilbake i tid og sjå på historia til skulen. Det einaste elevane ikkje står for sjølve, er eit intervju vi skal ha med ein av dei som var med å opne den nye skulen, seier rektor Geir Lid.

Det var øvrebygget ved skulen som stod ferdig i 1964. Nedrebygget vart bygd for spesialundervisning på 1970-talet. Skulen har i overkant av 100 elevar.