– Det er berre å forsyne seg. Vi har vaflar, kaker og kaffi, seier Bente Åmbakk. Ho var ein av dei frivillige som stilte opp og opna kafédørene på Kaihuset på Urke søndag.

Søndag morgon klokka 07.30 gjekk straumen i Norangsfjorden. Urke og Øye var utan straum til rundt klokka 15 søndag.

Samtidig er dette årets siste helg med hurtigrutebesøk på Urke. Det skapte utfordringar for damene i grendelaget, som driv kafeen på Kaihuset. Men slike er som kjent til for å verte løyste.

20 hurtigrutegjestar

Aggregatet vart fyrt opp, og dei rundt 20 hurtigrutegjestene frå MS Vesterålen fekk full servering på kaia.

Dei hadde dessverre reist då Møre-Nytt kom på besøk, så dei fekk ikkje fortelje om kva dei synest om Hjørundfjorden i styggevêr.

– Dei synest det er flott sjølv om vêret er dårleg. Det var ein som var heilt bergteken av å sjå skodde som flytta på seg. Små gleder, seier Kåre Myklebust.

Nesten som normalt

Folket på Urke melder at søndagen gjekk som normalt, trass i dårleg vêr og straumbrot.

– Vi måtte avlyste ein konsert vi hadde planlagt i dag, så det var litt synd. Men elles har det gått som vanleg, seier Dorit Rønning.

Urke og Hjørundfjorden har vore med i haustkonseptet til Hurtigruten i september og oktober. Siste tur for året, blir 31. oktober, altså neste veke.

Men i september neste år kjem dei raude, svarte og kvite skipa tilbake til Hjørundfjorden.

Karane slappar av med kaffi etter at hurtigrutepassasjerane hadde reist.
MS Vesterålen oppankra utanfor