Strekninga Hustadvika - Urke - Øye ved Hjørundfjorden har vore straumlause sidan tidleg søndag morgon, melder Tussa.

Feilen kan ha samanheng med den sterke vinden i området. Kraftselskapet har montørar ute for å søke etter feilen. Feilen vart lokalisert like før kl. 11.00. Mørenett sende då mannskap over fjorden med 12.30-ferja frå Sæbø.

Det vert meldt at det er håp om at straumen skal vere tilbake i femten-tida.

Like før klokka 15 melder bebuarar på Urke at straumen er tilbake.

Veit du om andre konsekvensar av uvêret? Tips oss på redaksjon@morenytt.no