Det seier Stein Aam, kommunestyremedlem for Senterpartiet.

Han synest det er altfor stilt om den sentrale landbrukspolitikken blant Ørsta-politikarane.

– Det har det siste året kome så mange forslag frå landbruksminister Sylvi Listhaug som vil påverke kvardagen dramatisk. Eg synest både den politiske leiinga i kommunen og landbruksnemnda burde vere meir på hogget, seier Aam.

Overraska

Han er svært overraska over at det er så stille om forslaget om å oppheve buplikta i landbruket. Dette forslaget er no ute til høyring. Regjeringa foreslår at buplikta vert oppheva, men at driveplikta vert oppretthalden.

– Dette vil mørkleggje bygdene våre. Eigedommane vert meir omsetjelege, og vert omsette som fritidsbustader i praksis. Vi vil oppleve at stadig fleire vil velje å bu andre stader, og nytte eigedommen sin som fritidsbustad der dei berre er på bruket når det er fint ver, sommar og kanskje jaktsesong. Plikta til å drive vert verande att i bygda hos dei attverande grunneigarane, seier Aam.

Landbruksnemnda

Han reagerer på at leiaren i landbruksnemnda, Jostein Bjørdal (Frp) støttar forslaget. Til Møre-Nytt sa Bjørdal at «eg har vore med og gjeve fritak for buplikta i Ørsta for lengre og kortare periodar. Dette m.a. fordi det kan vere svært utfordrande å skulle oppfylle buplikta med det same nokon tek over ein landbrukseigedom. Og då vert det urettvist at dei skal måtte selje jord til naboen som tilleggsjord».

– Eg synest dette er oppsiktsvekkjande frå ein leiar av landbruksnemnda i den nest største landbrukskommunen i fylket. Jostein Bjørdal er ein veteran i landbrukspolitikken i Ørsta, og burde sjå at eit slikt forslag får konsekvensar for busetjinga, seier Aam.

Kommunestyret

Forslaget frå regjeringa om opphevinga av buplikta er altså ute på høyring, og Aam forventar at saka vert handsama i ein brei politisk prosess i Ørsta kommune.

– Landbruksnemnda som fagmynde må sjølvsagt handsame saka, men ho må også til kommunestyret. Dette er ei svært viktig sak for landbrukskommunen Ørsta si framtid, seier Aam.