12 år etter utgjevinga av solodebuten, kjem Bård «Skåtebård» Aasen Lødemel frå Ørsta no med ein ny EP.

Dei fleste kjenner nok Bård best som ein del av rapduoen Side Brok.

I pressemeldinga for lanseringa av den nye EPen, omtalar Skatebård seg sjølv som «one of Norway's biggest musical exports», altså ein av Noregs største musikalske eksportartiklar.

På A-sida på den nye EPen,  finn vi «React 2 Rhytm». Denne låta har alle varemerke-ingrediensane til Skatebård, ifølgje pressemeldinga.

EPen inneheld også låtane «It Goes On & On» og «Pingu»