Samferdsleutvalet gjekk mot tilrådinga til fylkesrådmannen. Dermed går det mot flytting av ferjekaia frå Volda til Mork/Eikrem

Etter framlegg frå utvalsmedlem Petter Bjørdal (Ap) frå Ørsta, gjekk Samferdsleutvalet i fylkeskommunen onsdag inn for å flytte ferjekaia på sambandet Volda-Lauvstad frå Volda til Mork/Eikrem.

Utvalet går dermed mot fylkesrådmannen si tilråding om at ferjekaia framleis skal vere i Volda. Fylkesrådmannen meinte kostnaden ville bli for stor å bere for fylkesmannen.

Fylkesrådmannen meiner kostnaden med ny kai vil vere på mellom 70 og 90 millionar kroner.

Bjørdal meiner saka er for viktig til å droppe, og det fekk han også med seg eit samrøystes Samferdsleutval på.

– Fylket si oppgåve er å vere ein regional utviklingsaktør, og dette korte inn reiselengda slik at det er råd å bu på vestsida av fjorden. I tillegg er dette hovudvegen for fødande frå Selje, Vågsøy og Vanylven, som nyttar Volda sjukehus. Dette sambandet vil styrke heile regionen, seier Bjørdal til Møre-Nytt.

Realistisk om 8–10 år

Bjørdal meiner det er realistisk at det nye sambandet er på plass rundt 2023.

– Slike plan- og byggeprosessar tek gjerne 8–10 år. Det kan kome før også, men må uansett vere tilpassa anbodsperiodane.

Han vil takke alle som har stått på for denne saka.

– Eg har opplevd ein stor pågang av folk som er engasjert i saka, særleg blant bebuarane på vestsida av fjorden og i lokallaget til mitt eige parti i Vanylven.

Saka skal no vidare til fylkestinget, og kjem truleg opp der i desember eller april neste år. Vedtaket i Samferdsleutvalet er samrøystes, så det er grunn til å tru at det får fleirtal også i fylkestinget.

– Det er mange som har grunn til å vere stolte av innsatsen som er lagt ned for a få dette til, seier Bjørdal.