– Vi er ute etter Voldas finaste, raraste og mest kreative snarvegar, skriv sentrumsprosjektet Mellom Bygningane i Volda i ei pressemelding.

Dei er i gang med ein fotokonkurranse som har som mål å finne Volda sine snarvegar, smettar og smug. Konkurransen blir arrangert på Instagram, og det er to krav til bidraga. Dei må vere frå tettstaden Volda og dei må vere merka med emneknaggen #SnarvegVolda.

– Vi ønskjer også at deltakarane forklarer kvifor akkurat dette er favorittsnarvegen deira. Det kan til dømes vere ein veg dei har brukt som barn eller ein veg som sparar dei for mykje tid kvar dag, heiter det i pressemeldinga.

Ein jury som beestår av folk frå Høgskulen i Volda og Volda kommune skal kåre det tre beste snarveg-bilda. Vinnarane vinn gåvekort frå Sport1 Volda, Rokken Kafé og Volda Filmteater.

Konkurransen går mellom 14. oktober og 14. november. Du finn meir informasjon her.