Paul Kristian Hovden i TV-aksjonskomiteen helsar alle bøsseberarane velkomne til Ørsta rådhus. Og dei strøymer på.

- Eg har aldri opplevd at vi har fått dekt alle rodene. Og dette er før dei seksti elevane frå Møre Folkehøgskule har kome for å hjelpe til, seier han overvelda.

- Men dei skal få gå dei også. Vi kan besøke både sjukeheimar og andre institusjonar. Og eg veit det vert spelt nokre kampar, så vi kan gå blant pubilkum.

God sak

- Vi går for å hjelpe andre, seier Sigve Shen Lundberg (8).

Det er første gong han er bøsseberar for TV-aksjonen. Mamma Hilde har gått ein gong før.

- Tema i år var veldig lett å kjenne seg att i. Det er ei veldig god sak, og Sigve hadde veldig lyst til å vere med, seier ho.

Årets tema er "Vann forandrer alt". Pengane går til Kirkens Nødhjelp som har som mål å skaffe reint vatn til ein million menneske.

Godt oppmøte

- Det er uvanleg mange små som er med å gå i år, reflekterer Bente Hjertenæs.

Ho er regionkonsulent for Kirkens Nødhjelp.

- Og det lovar godt for dugnaden i framtida. For dette må lærast, seier ho.

Ho fortel at det er godt oppmøte med bøsseberarar i heile fylket, og også heile landet.

- I Møre og Romsdal er det fullt i dei tre største byane, og dei måtte også stenge bøsseberardatabasen i Oslo på grunn av pågangen. Så dette er stort. Det er nok eit tema som er lett å forstå. Og det er ei enkel løysing på eit stort problem for mange.