Den gamle grusbana ved sida av Farkvamen barnehage har vorte til ein ny og moderne leikeplass med store mulegheiter for leik og aktivitet.

– Barnehagen var litt pressa på uteareal, og utearealet har vorte redusert dei siste åra. Vi såg at grusbana stod her og dermed kom ideen om ein renovert leikeplass, seier styreleiar Gunnar Knutsen i Farkvamen barnehage som har vore drivkrafta bak prosjektet.

Moderne

Gjennom eit samarbeid mellom Farkvamen barnehage og Farkvamen ve og vel har den gamle grusbana no fått ein moderne utsjånad med nytt dekke, tribuneplass og området er lagt til rette for ulik aktivitet.

– Vi har brukt området før, men det har ikkje vore optimalt. Fotballbana som var her vart ikkje brukt så mykje etter at det kom fotballhall i Ørsta, seier styrar Ellen Marie Bjørdal Eikenes.

Arbeidet med den nye leikeplassen starta i fjor haust då det m.a. vart sendt inn spelemiddelsøknad og gjort avtale med naboane til området. Ei gruppe på gründercampen til Ørsta ungdomsskule har også hatt leikeplassen som oppgåve, og tribuneseksjonen som dei foreslo er no på plass.

Stor målgruppe

– Dette er eit område som dei som no er i barnehagen også kan halde fram med å bruke når dei byrjar på skule. Målgruppa er stor, og planen er at vi og skal få på plass ein grillkrok. Dermed kan det vere mange her i alle aldrar samtidig, seier formann Tore Øye i Farkvamen ve og vel.

I tillegg til det nye hovudområdet der det er lagt til rette for m.a. handball, fotball, volleyball, basketball, tennis, badminton og kanonball, er det bygd opp ei sykkelbane som allereie er populær.

– Det er eit ideelt område for all leik, og ein del foreldre har vore flinke på dugnad.

Mesteparten av leikeplassen står no ferdig, men det er litt arbeid som står att og området skal ferdiggjerast til våren.

– Ungane i barnehagen har prøvd ut området litt, og området skal verte inkludert som ein naturleg del av uteområdet.

– Vi ynskjer at her skal vere positiv aktivitet. Foreldra må snakke med ungane sine om bruken av anlegget. Viss vi ser at det vert gjort hærverk vil vi slå hardt ned på det. Området er ope for alle, og vi ser helst at det er i bruk både på dagtid og på kvelden.