Kva får heile Ørsta kommunestyre til å ta tøffe styrkeøvingar på scena på Ørsta kulturhus? Svaret er reint vatn. I samband med TV-aksjonen til NRK som i år går til Kirkens Nødhjelp og prosjektet med å skaffe ein million menneske tilgang på reint vatn, tok heile kommunestyret «planken». Det var Monika Barstad Rebbestad (H) som tok initiativet til styrkeøvinga. Safe Education betaler nemleg ut 10 kroner til aksjonen, per person som tek planken og dokumenterer det med eit bilete.

– Ein kjapp og effektiv måte å skaffe pengar på, sa Rebbestad, som fekk med seg nær alle politikarane opp på scena.

Nyttar

Partikollega til Barstad, Ove Røv, brenn ekstra for årets TV-aksjon.

– Eg har sett med eigne auge at det nyttar.

Røv fortel om då han tenestegjorde for NATO i Afghanistan for snart 4,5 år sidan. Der reiste han og ein finsk offiser rundt for å snakke med både krigsherrar, borgarmeistrar og guvernørar, alle som hadde med sivil administrasjon å gjere.

– På ein av dei mest ugjestmilde stadene besøkte vi ein religiøs leiar. Han hadde fem-seks ungar, og dei to yngste, ein gut og ei jente på sju-åtte år, hadde ansvaret for å hente vatn. Det var fem kilometer å gå kvar veg. Dei gjekk ei mil om dagen for å hente reint vatn til familien.

Brønn

Tilbake i Kabul var Røv og kollegaen lynsnare med å skrive rapport om det dei hadde opplevd. Dei gav klare signal om at det burde verte bygd ein brønn i byen dei nettopp hadde besøkt.

– Det gjekk berre eit par månader, så fekk vi tilbakemeldingar om at det var bygd ein brønn der. For mitt vedkomande var det utruleg viktig og fint å sjå at arbeidet bar frukter.

Røv fortel at det enkelte stader kunne kome opp mot 50 varmegrader i skuggen. Tilgang på reint vatn var heilt nødvendig for å overleve.

– Som NATO-soldatar hadde vi alltid med oss nokre ekstra vassflasker i bilen. Ofte når vi køyrde forbi små ungar så peika dei på munnen for å illustrere at dei var tørste. Var dei få kunne dei få vatn med oss, men vi kunne ikkje dele ut til store grupper. Då hadde vi ikkje hatt nok til alle.

Utdanning

Leiar for aksjonskomiteen i Ørsta, Paul Kristian Hovden, seier at det er lett å kunne identifisere seg med årets aksjonstema.

– Vi kan sjå føre oss at vi sender våre barn ut for å gå ei mil etter vatn, kvar dag. Ønskjer vi det for dei? Svaret er nei. Årets mål er å skaffe tilgang på reint vatn til ein million menneske. Då kan dei bruke tida på andre ting, som til dømes utdanning.

Han oppmoda alle om å ta vel i mot bøsseberarane søndag.