Brystkreftforeininga Søre Sunnmøre har standar over heile søre Sunnmøre idag for å markere Rosa Sløyfe-aksjonen 2014.

– Stadig fleire overlever brystkreft, men om lag ein av fire kvinner som lever med brystkreft skal også døy av sjukdommen. Dei har brystkreft med spreiing til andre organ. I år rettar vi merksemda særleg mot dei som har fått beskjed om at dei ikkje kan bli friske, skriv Brystkreftforeningen i ei pressemelding.

I oktober blir rosa sløyfe-aksjonen arrangert for 16. gong i Noreg. Brystkreftforeningen og Kreftforening brukar aksjonen til å spreie kunnskap og informasjon om brystkreft.

Sjølv om ein ikkje kan kurerer uhelbredelig kreft, finst det god behandling. Det dreier seg både om livsforlengande behandling og behandling som lindrar symptom. Det er likevel behov for meir forsking for å skreddarsy behandlinga meir, meiner Kreftforeningen.

Rosa Sløyfe-aksjonen har bidratt til meir enn 110 millionar kroner til brystkreftsaka sidan starten. Laurdag har Brystkreftforeningen Søre Sunnmøre standar på Amfi Ørsta. Blåhuset og Amfi i Ulsteinvik, Coop Mega Eggesbønes, Coop Syvde og på Statoil på Hareid. Dei håpar på godt frammøte under aksjonen.