– Vi seier no, og vi har sagt før at Ørsta og Volda i realiteten er den fjerde byen i fylket, og vi er samanliknbare med Molde og Kristiansund, seier ordførar Arild Iversen (KrF) i Volda.

Ikkje bystatus

Onsdag heldt han og ordførarkollega Rune Hovde (H) i Ørsta ei orientering om byregionen Ørsta og Volda. Bakgrunnen: At kommunane har fått 300.000 kroner til eit førprosjekt som skal danne grunnlaget for at Ørsta og Volda kjem med i Byregionprogrammet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

– Både Ørsta og Volda kunne erklært seg som by i morgon om vi ønskte det. Men det er ikkje det vi gjer no. Vi er meir opptekne av dei funksjonane vi har enn om vi har bystatus eller ikkje, seier Hovde.

– Typiske «byfunksjonar» som sjukehuset, høgskulen, domstolane (tingrett og jordskifterett) ligg i Ørsta og Volda. Det er funksjonar som heile regionen nyttar seg av, og som gjer Ørsta og Volda til ein motor i regionen, legg han til.

Deltaking i Byregionprogrammet skal styrke den posisjonen, og vere med på å sørge for at Ørsta og Volda er sterke nok til å huse desse funksjonane også i framtida.

Som Molde og Kristiansund

Regjeringa satsar på å ta utgangspunkt i dei sterkaste sentruma for å utvikle regionane i Norge, og Byregionprogrammet set satsinga i system.

Iversen meiner søknaden om opptak i programmet er ein naturleg konsekvens av at kommunane veks i hop.

– Verken eg eller ordføraren i Ørsta har kome på at Volda og Ørsta har vakse tettare saman. Det er noko som har skjedd naturleg. Og då er det også naturleg at vi ser på den vidare utviklinga saman i staden for kvar for oss.

– Volda og Ørsta er langt sterkare saman enn kvar for seg. Saman har kommunane tilsvarande storleik og tilsvarande funksjonar som Molde og Kristiansund. Kvar for oss er vi ikkje på langt nær så sterke, supplerer Hovde.

Budde på motstand

Hovde og Iversen er budde på at det kan kome kritiske røyster frå andre sterke tettstader i regionen vår, som Ulsteinvik, Fosnavåg og Stryn.

– Når vi no skal i gang med førprosjektet, skal vi definere eit omland til regionen vår. Og då kan det hende at delar av det vi definerer som omland sjølve oppfattar seg som sentrum, og det med rette. Ulsteinvik har eit svært sterkt næringsliv og Stryn har eit sterkt reiseliv. Vi ønskjer ikkje fornærme nokon her, men vi utelukkar ikkje at det kjem kritiske røyster, seier Hovde.

Dei to ordførarane trekkjer fram dei offentlege institusjonane i Ørsta og Volda som det sin gjer forskjellen mellom desse kommunane og dei andre sentruma i regionen.

Dei presiserer at dette ikkje handlar om kommunesamanslåing.

– Nei, dette er ei utvikling vi nok får uavhengig av kva som skjer med kommunereforma. Men vi forstår jo at folk tenkjer i den retninga, seier Iversen.

33 byregionar er med

Kommunane går no i gang med førprosjektet for deltaking i Byregionprogrammet.

– Runde 1 av programmet går allereie i år, så vi er litt på etterskot. Men det er fullt mogleg å kome med i runde 2 likevel. Men søknadsfristen er til våren, så vi har ikkje meir enn tida og vegen, seier Hovde.

33 byregionar deltek i programmet allereie. Her i fylket deltek Ålesund og Kristiansund med omland, medan Førde-regionen og Sogndal-regionen deltek i Sogn og Fjordane.

– Vi har stadig vorte utfordra på byutvikling. Og når vi har fått pengar til førprosjektet, vil det overraske meg om vi ikkje kjem med, seier Rune Hovde.

Avslag vil overraske: Rune Hovde og Arild Iversen blir overraska om dei ikkje får innvilga søknaden om deltaking i Byregionprogrammet. foto: Marius Myklebust