Etter at Norsk Målungdom tidlegare i haust kritiserte Sunnmøre politidistrikt for å skrive bokmål på Twitter, har Språkrådet sett på saka.

Tre politidistrikt på Vestlandet får no beskjed frå Språkrådet om at dei berre får twitre på nynorsk, melder NRK.

Dei tre politidistrikta Sunnmøre, Hordaland og Sunnhordland og Haugaland dekkjer område der fleirtalsmålforma er nynorsk. Då bryt dei mållova når dei skriv bokmål, ifølgje Språkrådet.

Språkrådet er tilsynsorgan for språkbruken i statlege organ.

Kommunikasjonsrådgjevar Eli Anne Tvergrov ved Sunnmøre politidistrikt seier til NRK at det er krevjande for operasjonsleiarane å skrive nynorsk i ein stressande arbeidssituasjon.

– Men det er eit sterkt ønske frå operasjonssentralen å få opp nynorskprosenten, og dei jobbar så godt dei kan med det, seier ho.

Etter at NRK skreiv om mangelen på nynorsk hos politiet, har det kome fleire meldingar på nynorsk på Sunnmøre politidistrikt sin Twitter-konto.