Onsdag offentleggjorde Sparebank 1 Søre Sunnmøre at dei set ned renta på bustadlån med inntil 0,30 prosentpoeng. Rentenedsetjinga gjeld for lånekundar med god sikkerheit, betjeningsevne og bustadlån for unge.

Den lågaste nominelle renta banken tilbyr blir 2,95 prosent per år, på bustadlån for unge. Den effektive renta blir her 3,04 prosent per år.

Sparebanken set ned renta parallelt med ei rekkje andre rentenedsetjingar i norske bankar.

- I dagens bustadmarknad erfarer vi at det blir stadig vanskelegare for unge å skaffe seg sin første bustad. SpareBank1 Søre Sunnmøre ønskjer å forsterke sin posisjon som den føretrekte banken blant unge bustadkjøparar her på Søre Sunnmøre, seier leiar for personmarknaden, Hallvard Bjørneset.

Dei nye satsane vil gjelde frå 1. oktober på nye lån og frå 1. desember på eksisterande lån.

Samstundes med at bustadlånrenta blir sett ned, blir også renta på ein del  innskotskonti justert ned.