– Slutt å bruke nemninga Eiksundregionen. Det heiter Søre Sunnmøre.

Det seier formannskapsmedlem Hans-Olav Myklebust (Frp).

Fylket brukar Eiksund-regionen

Tysdag fekk formannskapet orientering om senterstukturplanen til fylkeskommunen. Han tek føre seg den komande senterstrukturen i Møre og Romsdal, der fylket er delt inn i fire regionar: Kristiansund-regionen, Molde-regionen, Ålesund-regionen og Eiksundregionen.

Politikarane i Ørsta har ikkje noko i mot inndelinga, men dei har noko i mot nemninga.

– Eiksundregionen er ein konstruksjon som ikkje høyrer heime nokon stad. Dette har vi påpeika tidlegare, og det er slurv når det i denne senterstrukturplanen vert skrive både Eiksundregionen og Søre Sunnmøre, seier Myklebust til Møre-Nytt.

– Forvirrar

Han insisterer på at Søre Sunnmøre må vere den offisielle nemninga for regionen.

– Slik var det med dåverande Søre Sunnmøre regionråd, og slik er det dei fleste som bur i området omtalar regionen i dag. Sunnmøre er eit namn med ein sterk identitet. Søre Sunnmøre tek tak i denne identiteten, og plasserer regionen vår geografisk, seier Myklebust.

Han meiner at å nytte nemninga Eiksund berre forvirrar.

– Det er eit fåtal i dette landet som vert kvar Eiksund er, og såleis kunne vi like gjerne ha nytta Yksnøy-regionen eller Steinnes-regionen. Det vert heil feil, for Søre Sunnmøre gjev oss identitet, noko ikkje ein konstruksjon som Eiksundregionen gjer, seier Myklebust.

– Rotete

I formannskapet var også leiar for planavdelinga, Gunnar Wangen, ganske klar på at nemninga verkar rar.

– Det er rotete at ein her kjem med ei ny nemning på eit område. Det seier oss at ein på Molde ser verda med andre augo, sa Wangen.

Kva meiner du regionen bør heite? Sei meininga di i kommentarfeltet under.

Det er truleg Eiksundsambandet som har gjort at nemninga Eiksundregionen har vorte teke i bruk. Foto: Janne Marit M. Falch